Sider, song og ein smak av Hjelmeland

Sider, song og ein smak av Hjelmeland

Velkommen til sider, song og ein smak av Hjelmeland — eit unikt arrangement som handlar om god, kortreist mat og drikke.

Éi gruppe startar med omvisning hos Apal Sideri, den andre hos Omcider. Så byter de plass. Det blir busstransport mellom stadene, det er inkludert i prisen.

Gruppe 1 som startar hos Apal Sideri møter direkte der. Gruppe 2 som startar hos Omcider kan anten møta direkte der eller ta felles buss frå busshaldeplassen ved kyrkja (tidspunkt for oppmøte blir delt seinare på nettsidene til Ryfest).

No gjeld det berre å sikra seg ein billett til festkvelden. Velkommen – Ryfest gler seg til å sjå deg der!

Dato
6. september 2024
Tid
18:30 - 23:30
Stad
Spinneriet

Program

18:30 - får du omvisning og noko godt i glaset hos Apal Sideri og Omcider. Hos Omcider blir det servert ost frå Ryfylke gardsysteri. Hos Apal Sideri får du kveite frå Sterling.

20:30 - blir du køyrde vidare til Spinneriet, der det blir servert mykje god lokal mat. Laks frå Mowi og Mikals Laks, kveite frå Sterling, fjellam frå Ryfylke, Førre-angus, ost frå Ryfylke gardsysteri, og meir. Fargerikt og smaksfullt – og nokre av dei beste råvarene du kan få tak i.

21:30 - finn Torbjørn Økland Band og Jan Toft fram mikrofonen og gir oss ein lun og fin konsert.

Billett

Kjøp billett - 1795 kr

Arrangør

Ryfest