Karen Malena - Aleine til Sydpolen
onsdag 19. februar 2025, 19.00 - 21.30
Karen frå Årdal er den yngste personen i verda til å gå til Sydpolen. Aleine !
Denne kvelden blir det “Breaking News frå Sydpolen” - for det blir første innlegget ho held om ekspedisjonen - heime hjå oss i Hjelmeland
Bilettar blir lagt ut for salg omtrent på dagen når Karen spenner skia på for si 50 dagar lange ekspedisjonsferd - dvs ca 22 november 24.
Karen Malena Kyllesø frå Årdal i Hjelmeland har ein draum - som ho følgjer !
I 50 dagar skal ho gå aleine i verdas lengste, hardaste og kaldaste motbakke. 1130 km over snøskavlar og kvitt landskap til polpunktet som ligg 2800 moh. Med ein gjennomsnittstemparatur på - 25 grader
Karen er 21 år, 153 cm høg, og skal dra to pulkar som tilsaman veg 100 kg. Undervegs på turen vil snøforholda bli tøffare og været kaldare.
Turen startar i midten av november 2024 og sluttar i midten av januar 2025. Ho feirar jul og nyttår aleine i isødet.
Idet ho når polpunktet vil ho vere verdas yngste person til å nå Sydpolen.
Kva i all verda er det som motiverar til ei slik bragd ? Karen sjølv forel at den aller største motivasjonen er meistringsfølelsen - det å vise for seg sjølv kva ein kan klare å gjere.
Karen si ferd i Antarktis mot polpunktet kan du følgje på instagramkontoen hennar : Friluftsjenta
Onsdag 19.februar får me "breaking news frå Sydpolen"
Dette blir det første innlegget Karen har frå ekspedisjonen sin etter heimkomst. Heime hjå sine eigne i Hjelmeland si storstove Hjelmeland samfunnshus.
Først vil Karen fortelje og vise bilder frå ferda si. Så blir det ein pause med sal av mat og drikke.
Etterpå blir det ein samtale med Karen, med opning for spørsmål om ekspedisjonen.
Har du ein friluftsdraum ?
Karen vil ikkje ha honorar for dette unike foredraget. Ho set pris på at Hjelmeland turlag har heia på henne desse åra sidan ho var 14 år (på ski over Grønland). Ho held difor dette Sydpolen-foredraget gratis. I tillegg vil Rogaland Sparebank sponse utgifter til arrangementet. Me tek likevel bilett-betaling for foredraget. Fordi: me opprettar eit "Karen-fond" av overskotet - som skal gå til andre unge som vil følgje sin friluftsdraum !
Er du ein ungdom som tykkjer friluftsliv, uteaktivitet og/eller ekspedisjon er spanande, og som kanskje kan realisere noko om du får eit lite sponsorbidrag?
Send inn din draum til oss hjelmeland.turlag@dnt.no
- så kanskje du blir den heldige som får eit økonomisk bidrag til ditt prosjekt frå "Karen-fondet".
Gå med Karen - finn "din sydpol"
Karen sin livshaldning er inspirerande. Ho følgjer ein draum. Set seg mål. Utfordrar seg sjølv. Finn fram til polpunktet. Men ikkje alle verken kan eller skal gå til den ekte Sydpolen. Det gjeld berre dei aller færraste her på jorda.
Men alle kan "finne sin sydpol"! Alle kan la seg inspirere av Karen! Alle kan "gå saman" med henne desse 50 dagane. Ta utfordringa! Set deg eit mål. Gå litt kvar dag i 50 dagar ! I gråvær. I finvær. I lysninga. I mørkninga. I kvardagen og i høgtida !
Kor mange "sydpolar" kan me finne i Hjelmeland ila desse 50 dagane?
Send oss eit bilde frå turen og turmålet ditt anten det er på ein nut, til ein benk, til ei strand, til eit tre eller eit vatn. Me har tusenvis av "små sydpolar" i Hjelmeland.
Send oss bilde frå turen din til Hjelmeland turlag på messenger eller pr sms 97007636 + stadnamn/turmål og namn på fotograf. Bildene blir publisert på Hjelmeland turlag sin event (følger)
Så blir du med i trekninga av ein fin premie som delast ut på Karens Sydpolen-kveld 19.februar 2025.
Arrangementet på Hjelmeland samfunnshus er sponsa av Rogaland Sparebank.
Nettstad: https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/stavanger-turistforening/hjelmeland-turlag/
Kontakt
Svanhild Hjorteland GbadaE-post : hjelmelandturlag@stf.no