Konsert: Tom Roger Aadland
laurdag 2. november 2024, 20.00 - 23.00
Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane og låtskrivarane i landet dei siste åra. Hans nye album «Skyer» har hausta strålande kritikkar. «Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skriv hi-fi-magasinet Stereo+. The Wilhelmsen kallar albumet «levende, ærlig, vakkert, sterkt og personlig», og gir terningkast seks. Øyvind Rønning, musikkmeldar for Dagbladet, omtalar utgjevinga som «bunnsolid», og meiner det er «et album som nok kommer til å være med på mange lister når årets beste norske album skal kåres».
Som låtskrivar har Tom Roger Aadland ei eiga evne til å levere sterke tekstar kopla med iøyrefallande melodiar. Ei rekke av låtane hans har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen songar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for m.a. Hellbillies («20 år på vegen»), Vamp og Marion Ravn.
Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Bob Dylan fylte åtti. Det Norske Teatrets suksessframsyning «Vikla inn i blått», med Aadlands Dylan-gjendiktingar, gjekk på teateret sin hovudscene i tre år.
Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. I 2024 feirar han tjue år som artist, og drar på turné med eit rikt og sterkt låtmateriale i gitarkofferten.
Kjøp billett for 300 kroner.
Dørene opnar kl 19 med sal frå baren. Velkommen!
Kontakt
Legg til hendinga i din kalender