Grendemøte Vormedalen - "Hjelmeland 2036"

Grendemøte Vormedalen - "Hjelmeland 2036"


Kommuneleiinga vil rundt i alle grender i november for å informere om og få innspel til pågåande planarbeid:

  • Kommuneplanens samfunnsdel
  • Kommunedelplan naturmangfald
  • Kommunedelplan for byggeråstoff 

     
    Det blir og informasjon om "Innsatstrappa”.  Det er ei pågåande prosess om korleis me skal rigge samfunnet og tjenestetilbodet med ein stadig aukande eldre befolkning.  Innsatstrappa vektlegg attraktive lokalsamfunn, og her er bygdene viktige  - og, ja - dette heng jo tett saman med korleis me tenker at Kommuneplanens samfunnsdel skal bli.

    Det blir sett av tid tid til å drøfte utviklingspotensiale og utfordringar for kommunen og bygda.

    Det blir òg informert om korleis du kan kome med innspel til desse planane.   Frist for innspel er 15.desember.

    Det blir lagt ut meir informasjon på vår nettside utover hausten, så følg med.
     
Dato
4. november 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Vormedalen grendahus

Arrangør

Hjelmeland kommune

Kontakt

Haldis K Nilsen