Avtalegiro
Kunde som ynskjer dette må sjølv opprette avtalegiro i sin bank/nettbank. Me tilrår at de krysser av for at de ynskjer ekstra informasjon om fakturagrunnlag. Ta kontakt med banken dykkar for meir informasjon ved behov. Svar ja på spørsmål om avtalegiro i nettbank ved betaling av faktura. Eller brukt kidnummer frå faktura (ikkje purring) som informasjon til banken for oppretting av avtalegiro. Kan opprettast kvar for seg for dei typer faktura som er aktuell for dykk (t.d. husleige, barnehage/sfo, helse, kultur, teknisk, kommunale avgifter).
eFaktura
Kunde må opprette efaktura i sin nettbank/bank. Det er berre den som er registrert som fakturamottakar som kan inngå efakturaavtale. De bør oppgi dykkar epostadresse for varsling via epost. Ta kontakt med banken for meir informasjon ved behov.
Efaktura avtale gjeld samla for alle typar faktura frå kommunen, med mindre de har inngått avtale om avtalegiro for nokre typar faktura.
Faktura via Vipps
Kunde som ynskjer faktura via Vipps må oppgje sitt mobiltelefonnummer til kommunen si økonomiavdeling for registrering. I tillegg må de opne for fakturamottak i Vipps-appen på dykkar mobiltelefon.
Faktura sendt pr epost
Kommunen kan sende faktura via epost ( gjeld dei som ikkje har avtalegiro eller efaktura ).
De må oppgje dykkar epostadresse til økonomiavdelinga i kommunen for registrering.
Faktura sendt til Digipost/eBoks
Om du er van med å få faktura i postkassa di, vil du no kunne motta fakturaen din som digital post i den digitale postkassa du har valt. Dette føreset at du har ei digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot å motta digital post frå det offentlege.
Digital postkasse kan du velje på Norge.no
EHF faktura til bedrifter
Til bedriftskundar med organisasjonsnummer kan me sende EHF faktura.
For kommunale avgifter kan me etter avtale med kommune og matrikkelført eigar av eigedom sende faktura til bedriftskundar med organisasjonsnummer, til dømes gardsbruk, småbåtforeiningar m.v.
Papirfaktura
Om de ikkje har valgt elektronisk betalingsløysing blir det sendt papirfaktura.
Brevgiro
Dei nye fakturaene har ikkje bankgiroblankett. Betalar du via brevgiro må du nytte ein tom bankgiroblankett. Fyll ut nødvendig informasjon, som du finn på den tilsendte fakturaen. Bruk den ferdig utfylte giroblanketten til betaling via brevgiro. Tomme bankgiroblankettar kan du få i din lokale bank, eller på kommunehuset. Der kan du og få hjelp til utfylling av tomme giroblankettar.
Informasjon som må fyllast ut på tomme giroblankettar er:
- Beløp
- Betalarens bankkontonummer
- Betalt av (Namn)
- Betalt til (Hjelmeland kommune)
- Kundeidentifikasjon (KID)
- Til kontonummer