Faktura til kommunen

Kommunen krev at alle leverandørar av varer og tenester sender fakturaer og kreditnotaer i samsvar med EHF-standarden. 

Fakturaadresse vår er organisasjonsnummer: 864 979 092

Bestillar sin fakturareferanse må leggast inn i feltet "accounting cost" / "cbc:ID"  (ofte kjent som "Deres ref.") og ha slikt format: xxx-xx. Det må ikkje stå noko anna i dette feltet. 

Eventuelle vedlegg må følge EHF-fakturaen.

Manglar du løysing for EHF-faktura?

Av omsyn til datatryggleiken vil me ikkje ta i mot faktura via e-post. Dette gjeld både pdf-filer og lenker til portalløysingar.

Dersom du som leverandør manglar løysing for å sende EHF-faktura, ber me om at du tek kontakt med oss for rettleiing til alternative løysingar.

Betalingsvilkår

Me ønsker at betalingsvilkår skal vera minimum 30 dagar frå fakturadato.

Me krev at fakturaer er i samsvar med krava i bokføringslova med føresegner. Viss dei ikkje er det, vil dei bli returnert.

Fakturareferanser

Finn rett fakturareferanse her (PDF, 214 kB)