Reglement og prisar for utleige av møterom og lokale Innhald og søk Søk Søk Vis innhaldsoversikt 1 Reglement for utleige 2 Leigeprisar 3 Definisjonar - leigetakarar 4 Ordensreglar 5 Branninstruks Til dokumentforside Last ned som PDF Førre kapittel Neste kapittel 4 Ordensreglar Leigetakar må sikra at rømmingsvegane er frie – både før, under og etter bruk av lokala. Ein skal sjå til at møblar, inventar og utstyr står i same orden som då lokala vart tekne i bruk. Bordplater m.v. skal reingjerast etter bruk. Brukt kjøkkenutstyr skal reingjerast. Vask av koppar, tallerkar m.v. skjer i oppvaskmaskin. Det er ikkje tillete å ta med seg utstyr frå bygget. Avfall og søppel skal sorterast og leggjast i bossdunk utanfor bygget. Miljøet i kommunale bygg skal vera røykfritt. Gløymde gjenstandar, som ikkje vart henta innan ein månad, kan bli kasta. Romma får ikkje nyttast som lager. Skadar eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til Kundesenteret. Førre kapittel Neste kapittel