Reglement og prisar for utleige av møterom og lokale

1 Reglement for utleige

  1. Rom i kommunale bygg kan leigast ut til alle lovlege føremål. (For utleige av Spinneriet og  Hjelmelandshallen er det utarbeidd eige reglement).
     
  2. Det kan avtalast leige for varierande tidsrom. Faste avtalar om leige kan gjerast for inntil 1 år om gongen i perioden 20. august til 20. juni. Leige kan ikkje avtalast lengre fram i tid enn gjeldande periode.
     
  3. Det er ikkje høve til framleige, dvs vidare leige til andre leigetakarar eller arrangement enn det som er  tinga.
     
  4. Faste avtalar om leige, må vika for ekstraordinære arrangement. 
     
  5. Leigar skal gje opp ein person, over 18 år, som ansvarleg for leiga. Denne personen er  ansvarleg for  orden, rydding og opplåsing/stenging. 
     
  6. Kundesenteret har fullmakt til å gjere avtale om utleige, føre register over utleige og levere ut nøklar til  leigetakar v/ansvarleg person over 18 år. Nøklane skal leverast attende til Kundesenteret første kvardag etter bruk. Skular og barnehagar, (v/seksjonsleiar) har ansvar for utleige av eigne lokale.
     
  7. Ved spørsmål kring servering av alkohol, vert det vist til alkohollova samt gjeldande alkoholpolitisk  plan. Kundesenteret har orienteringsskriv.
     
  8. Skader eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til  Kundesenteret. Leigetakar kan måtta erstatta skaden.
     
  9. Leigetakar pliktar å setja seg inn i og retta seg etter gjeldande ordensreglar og politivedtekter
     
  10. Leigetakar har ansvar for å forsikra eigne gjenstandar.