Reglement og prisar for utleige av Spinneriet Innhald og søk Søk Søk Vis innhaldsoversikt 1 Reglement for utleige 2 Leigeprisar 3 Definisjonar - leigetakarar 4 Ordensreglar 5 Branninstruks Til dokumentforside Last ned som PDF Førre kapittel 5 Branninstruks Ansvarleg person er den som disponerer nøkkel til bygget. Denne skal gje dette tilkjenne før arrangementet tek til. Brann vert varsla ved støytvis ringing/brannalarm. Ring 110 for å melda frå til brannvesen. Kan du avgrensa skade på menneske eller materiell, så gjer det. Hugs at liv og helse alltid har fyrste prioritet. Lukk vindu og dører og forlat bygget umiddelbart. Møt opp på gardsplassen framfor bygget og meld deg for brannvernsleiar eller den som har ansvar for oppteljing. Parkering framfor bygget er ikkje tillete p.g.a. brannkum / åtkomst for brannvesenet. Førre kapittel