Reglement og prisar for utleige av Spinneriet Innhald og søk Søk Søk Vis innhaldsoversikt 1 Reglement for utleige 2 Leigeprisar 3 Definisjonar - leigetakarar 4 Ordensreglar 5 Branninstruks Til dokumentforside Last ned som PDF Førre kapittel Neste kapittel 4 Ordensreglar Leigetakar må sikra at rømmingsvegane er frie – både før, under og etter bruk av lokala. Leigetakar skal sjå til at inventar og utstyr står i same orden som då lokala vart tekne i bruk. Bordplater m.v. skal reingjerast etter bruk. Brukt kjøkkenutstyr skal reingjerast. Vask av koppar, tallerkar m.v. skjer i oppvaskmaskin. Det er ikkje lov å ta med seg utstyr frå bygget. Avfall og søppel skal sorterast og leggjast i bossdunk utanfor bygget. Termostat for innetemperatur må ikkje stillast på! Temperatur-auke kan ein oppnå via ventilasjonssystemet: 1. etg: Timer-knapp (3 timer) ved utgang/nødutgang mot aust (skilta). 2. etg: Av/På-bryter ved utgang/nødutgang mot aust (skilta). Miljøet i Spinneriet skal vera røykfritt. Attgløymde gjenstandar, som ikkje vert henta innan ein månad, kan bli kasta. Spinneriet må ikkje nyttast som lager. Skader eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til Kundesenteret. Førre kapittel Neste kapittel