Reglement og prisar for utleige av Spinneriet Innhald og søk Søk Søk Vis innhaldsoversikt 1 Reglement for utleige 2 Leigeprisar 3 Definisjonar - leigetakarar 4 Ordensreglar 5 Branninstruks Til dokumentforside Last ned som PDF Til dokumentforside Neste kapittel 1 Reglement for utleige Rom i Spinneriet kan leigast ut til alle lovlege føremål. Faste avtalar om leige kan gjerast for inntil 1 år om gongen i perioden 20. august til 20. juni. Leige kan ikkje avtalast lengre fram i tid enn gjeldande periode. Faste avtalar om leige, må vika for ekstraordinære arrangement. Leigar skal gje opp ein person, over 18 år, som ansvarleg for leiga. Denne personen er ansvarleg for orden, rydding og opplåsing/stenging. Kundesenteret har fullmakt til å gjere avtale om utleige, føre register over utleige og levere ut nøklar til leigetakar v/ansvarleg person over 18 år. Nøklane skal leverast attende til Kundesenteret første kvardag etter bruk. Ved spørsmål kring servering av alkohol, vert det vist til alkohollova samt gjeldande alkoholpolitisk plan. Kundesenteret har orienteringsskriv. Skader eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til Kundesenteret. Leigetakar kan måtta erstatta skaden. Leigetakar pliktar å setja seg inn i og retta seg etter gjeldande ordensreglar og politivedtekter. Til dokumentforside Neste kapittel