Bondeposten 2/2023

8 Mjølkeproduksjon

Etter ekstraordinær kvotedrøfting mellom Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norske Bonde- og Småbrukarlag den 22.06 er forholdstalet auka frå 0,95 til 0,99. Dette grunna auke i etterspørsel og lågare leveranse av mjølk enn venta då forholdstalet blei satt i november 2022.

Endring i reglar for sal og kjøp og disponering av mjølkekvote 

Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote kan selje heile eller delar av kvota. Endringar som følgje av årets jordbruksoppgjer gjer det no mogleg å selje 100 prosent privat innanfor same produksjonsregion. Søknadsfrist 1. august. Det er ikkje mogleg å kjøpe kvote frå staten i 2023.

Registrering av disponering av kvote (kvoteleige)

Eigar av eigedom med grunnkvote kan registrere kva mjølkeprodusentar som skal disponera grunnkvoten for kvoteåret 2024 fom 12. september. Frist 1. november. 
Gjeld berre dersom her er endringar.