Reglar for lån og bruk av læringsbrett i skulen

Hjelmelandsskulen bruker iPad som læringsbrett for alle elevane på 1.–10. trinn. Dette regelverket fortel om korleis elevane bruker læringsbrettet på best mogleg måte.

Føresette må lesa gjennom desse reglane saman med eleven sin. I slutten av skjemaet skal dokker stadfesta at dokker har lese gjennom og forstått reglane.

Har du spørsmål til reglane for lån og bruk av læringsbrett i skulen, kan du kontakta rektor på din skule, eller rådgjevar for skuleutvikling: Morten Hetland, tlf. 45 43 69 05, Morten.Hetland@hjelmeland.kommune.no.