Reglar for lån og bruk av læringsbrett i skulen

1 Utlån og bruk av læringsbrett

Bruk av læringsbrett i Hjelmelandsskulen

  • Læringsbrettet er eit viktig verktøy i elevane si læring og utvikling.
  • Læringsbrettet er skulen sin eigedom medan eleven går på skulen.
  • Dei tilsette bestemmer kor og når læringsbrettet skal brukast, og kva det skal brukast til.
  • Tilsette kan inndra læringsbrettet ved brot på reglane, anten for resten av timen eller for ei fastsett tid.
  • Læringsbrettet skal alltid oppbevarast og fraktast forsvarleg, med nødvendig beskyttelse, for å unngå skadar og slitasje.

Heimebruk

  • Føresette har ansvar for korleis elevane bruker læringsbrettet utanom skuletid.
  • Les gjerne rettleiar for heimen for tips og råd om mellom anna grensesetting og skjermbruk.
  • Oppdateringar av operativsystem og appar må gjerast heime utanom skuletida.

Lading

  • Ladaren skal merkast med namneetikett.
  • På 1.–2. trinn skal læringsbretta liggja igjen i ladeskap på skulen, så lenge elevane ikkje skal gjera heimelekser på læringsbrettet.
  • På 3.–10. trinn skal eleven lada læringsbrettet heime. Læringsbrettet skal vera ferdig opplada før skuledagen startar.