Sommarmarknad med sanketema og turlagsaktivitetar

Sommarmarknad med sanketema og turlagsaktivitetar

Ta med deg familie, venner, naboar og få med dykk stemningsfull sommarmarknad på kaien i Hjelmelandsvågen!

Her kan du slå av ein prat med nye og gamle kjente, nyte sjøutsikta og noko godt til kaffien og ikkje minst ta med deg heim flotte lokale produkt.

I tillegg kan både barn og vaksne kose seg med ulike aktivitetar! Hjelmeland turlag har ikkje fullskala Sankefestival dette året, men er med som medarrangør denne marknadsdagen. Og her har dei ulike aktivitetar - mellom anna stintefiskekonkurranse, orienterings-konkurranse og konkurranse om "Beste foredla sankeprodukt".

Følg med i arrangementet på Facebook for eventuelle oppdateringar og tilleggsinformasjon.

Anne Kari Skogerbø
Dato
27. juli 2024
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Hjelmelandsvågen

Sommar i Spinneriet

Du kan også få med deg dei flotte sommarutstillingane og kafeen på Spinneriet. Opningstid er man-fre kl. 11-17, laur/søn kl. 12-16.

Hjelmeland bygdamuseum

Hjelmeland bygdamuseum er også verd eit besøk! Her er det ope kl. 12-15 denne dagen.

Lyst til å vera med på konkurransen “Beste foredla sankeprodukt”?

Her er tipsa frå Hjelmeland turlag: Ta turen ut i natur eller hage og sank inn ein god råvare for sesongen. Lag noko godt og delikat - gjerne tradisjonelt med ein ny vri, noko heilt eigenkomponert eller noko frå ein heilt ny idè. Me snakkar om saft, syltetøy, pestoar, krydder, sausar , sirup.....ja, kriteriet for konkurransen er at det er etande eller drikkande.

Lever produktet inn til sekreteriatet hjå Hjelmeland Turlag sin stand før kl. 14.00 på marknadsdagen. Juryen smakar seg gjennom alle bidrag og me kårar vinnar. Kriterier juryen legg vekt på: Smak, utsjånad, kreativitet og wow-faktor.

Premiering kl. 14.45!

Arrangør

Hjelmeland kommune og Hjelmeland turlag

Kontakt

Anne Spilde