Konsert Stein Torleif Bjella

Konsert Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella er blant landets aller største visekunstnarar. Han har vunne prisar for fleire av albuma sidan solo-debuten med «Heidersmenn» i 2009 - mellom anna Spellemannpris, Prøysenpris, Bendiksenpris og Skjæraasenpris!

Visekunstnar Stein Torleif Bjella - Klikk for stort bilete

 

Dato
18. oktober 2024
Tid
19:30 - 21:00
Stad
Spinneriet

Stein Torleif Bjella har også gjeve ut diktsamlingar og roman, og han har komponert musikk til Lars Mytting sitt stykke «Heil ved» på Det Norske Teatret.

Til solokonserten i Hjelmeland kjem Bjella åleine frå Ål i Hallingdal med gitaren under armen. Det blir ein lun og intim konsert der mannen, gitaren og dei fantastiske tekstane og melodiane er i sentrum.

Billett

Kjøp billett for 390 kroner på Hoopla