Er du klar for å kickstarte karrieren din i ein inspirerande og støttande arbeidsplass? Me søker engasjerte lærlingar som ønsker å utvikle seg fagleg og personleg.
Som lærling hos oss har du ei 100 % stilling og dei same rettigheitane som andre tilsette, som lønn, ferie og forsikring.
Me treng lærlingar innan følgande fag
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Helsefagarbeidar
- Institusjonskokk
- Byggdriftar
Kva forventar me av deg som lærling?
- At du har interesse og engasjement for faget
- At du kjem på jobb til rett tid
- At du er ein god medarbeidar
- At du bidrar til eit trygt, utviklande og inkluderande arbeidsmiljø
Kva tilbyr me?
Praktisk opplæring
Lær direkte frå erfarne yrkesrettleiarar i eit variert arbeidsmiljø. Rettleiarane er der for å hjelpe deg med å nå målet ditt!
Kunnskapsdeling
Erfarne tilsette hjelper deg med fagleg utvikling og får deg til å tenke nytt og finne gode løysingar. Delta i teambuilding som gjer deg innsikt i kommunen sin drift og tenester.
Fellesskap
Bli ein del av eit inkluderande miljø med andre lærlingar og erfarne, dedikerte tilsette som støtter deg i læringsprosessen og får fram trivsel, arbeidsglede og det beste i kvar enkelt.
Publisert 11.11.2024 14.14
Sist endra 11.11.2024 14.15