Me kan tilbyLytt til tekstenStopp avspillingDet er mange fordeler med å jobba i kommunen. Det er trygt, både når det gjeld løn, arbeidstid, permisjonsordningar, forsikring og pensjon. Me har også lokale ordningar som arbeidstakarane våre set pris på. Me tilbyr mellom anna varierte økonomiske ordningar og tiltak for rekruttering av personar til spesielle yrke, slik som:sjukepleiararundervisningspersonellingeniørarjf. KST-sak 010/10. Det er og muleg for tilsette å søke om støtte til etter-/vidareutdanning.Oversikt over ordningane/tiltaka: Betalt lunsjpause Hos oss får du betalt lunsjpause! Det betyr at du i praksis jobbar 100 timar mindre i året, enn dei som ikkje har betalt lunsjpause. Redusert husleige i kommunal bustad Du som nytilsett kan få redusert husleige dei to fyrste åra etter tilsetting:50% reduksjon i leiga fyrste året25% reduksjon andre åretGjeld per husstand for leige av kommunal bustad eller tilsvarande som kommunen rår over, ved busetting i Hjelmeland. Går ein til anskaffing av eigen bustad, så fell tilskotet bort. Etableringspakke for nyutdanna og nytilsette Me kan tilby ein etableringspakke på kr 25.000 forutsett busetting i Hjelmeland for nyutdanna og nytilsette mot binding for 2 års aktiv teneste. Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av etableringspakka betalast tilbake. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande. Konkurransedyktig løn Me har ei konkurransedyktig løn samanlikna med alle andre kommunar i Rogaland.Lønsnivå i dei enkelte stillingane skal fastsetjast ved tilsetjing, ved ordinære, lokale forhandlingar og årleg lønsregulering i samsvar med Hovudtariffavtalen på KS-området, kapittel 3, 4 og 5, samt etter særskilte forhandlingar i samsvar med Hovudtariffavtalen kapittel 4.2.2 og 5.3. Stipend, under utdanning Stipend kr 20.000,- pr år for nest siste og siste utdanningsår mot binding for 2 års aktiv teneste.Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.Ordninga gjeld og for sjukepleiarstudentar som ikkje nyttar ordninga i punktet “Stipendordning sjukepleiarstudentar”. Stipend for etter- og vidareutdanning Stipend inntil kr 10 000 pr semester for etter- og vidareutdanning. Dette skal vær ei ordning for tilsette som ynskjer utdanning som ledd i ei personleg utvikling, både i eksisterande stilling og kvalifisering til anna stilling i kommuneorganisasjonen. Bindingstid vert satt frå 0,5 til 2 år. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande. Fullmakt Rådmannen får fullmakt til å nytta desse tiltaka også i andre samanhengar når situasjonen krev det. Slike saker vert referert for formannskapet fortløpande. Stipendordning lærarstudentar Me tilbyr stipend på inntil kr 15 000 per semester for lærarstudentar som har fullført fyste årsstudium, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst to år etter ferdig utdanning.Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.Stipendordninga gjeld for dei som tek lærarskulen for trinna 1.-7. eller 5.-10. Vedtak om ordninga frå Formannskapet som partsamansett utval i sak 014/18 Stipendordning sjukepleiarstudentar Hjelmeland kommune har innført ei stipendordning for sjukepleiarstudentar, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst eitt år. Ordninga inneber arbeid kvar tredje helg, samt minimum 6 veker i sommarferien. Arbeidet vil gje ei månadleg lønskompensasjon på kr 4 000 totalt kr 48 000 pr. år.Vedtak om ordninga frå Formannskapet sak 063/18 Lenke til søknadsskjema Fyll ut elektronisk søknadsskjema for rekrutteringstiltak / stipendordning for studentar og vidareutdanning for tilsette I skjemaet kryssar du av for det du søker om støtte til. Publisert 21.08.2018 15.23 Sist endra 09.12.2024 14.13