Stipend og støtte til vidareutdanning
Me tilbyr varierte økonomiske ordningar og tiltak for rekruttering av personar til spesielle yrke, slik som sjukepleiarar, undervisningspersonell og ingeniørar, jf. KST-sak 010/10. Det er og muleg for tilsette å søke om støtte til etter-/vidareutdanning.
Publisert 21.08.2018 15.23
Sist endra 22.10.2024 14.38
Oversikt over ordningane/tiltaka:
Redusert husleige for alle nytilsette som ordninga gjeld for, dei to fyrste åra etter tilsetting.
- 50% reduksjon i leiga fyrste året
- 25% reduksjon andre året
Gjeld per husstand for leige av kommunal bustad eller tilsvarande som kommunen rår over, ved busetting i Hjelmeland.
Går ein til anskaffing av eigen bustad, så fell tilskotet bort.
Etableringspakke på kr 25.000,- forutsett busetting i Hjelmeland for nyutdanna og nytilsette mot binding for 2 års aktiv teneste. Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av etableringspakka betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.
Konkurransedyktig løn samanlikna med alle andre kommunar i Rogaland.
Lønsnivå i dei enkelte stillingane skal fastsetjast ved tilsetjing, ved ordinære, lokale forhandlingar og årleg lønsregulering i samsvar med Hovudtariffavtalen på KS-området, kapittel 3, 4 og 5, samt etter særskilte forhandlingar i samsvar med Hovudtariffavtalen kapittel 4.2.2 og 5.3.
Stipend kr 20.000,- pr år for nest siste og siste utdanningsår mot binding for 2 års aktiv teneste.
Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.
Ordninga gjeld og for sjukepleiarstudentar som ikkje nyttar ordninga i punkt 8.
Stipend inntil kr 10 000,- pr semester for etter- og vidareutdanning. Dette skal vær ei ordning for tilsette som ynskjer utdanning som ledd i ei personleg utvikling, både i eksisterande stilling og kvalifisering til anna stilling i kommuneorganisasjonen. Bindingstid vert satt frå 0,5 til 2 år. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.
Rådmannen får fullmakt til å nytta desse tiltaka også i andre samanhengar når situasjonen krev det. Slike saker vert referert for formannskapet fortløpande.
Stipend inntil kr 15 000,- per semester for lærarstudentar som har fullført fyste årsstudium, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst to år etter ferdig utdanning.
Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.
Stipendordninga gjeld for dei som tek lærarskulen for trinna 1.-7. eller 5.-10.
Hjelmeland kommune har innført ei stipendordning for sjukepleiarstudentar, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst eitt år. Ordninga inneber arbeid kvar tredje helg, samt minimum 6 veker i sommarferien. Arbeidet vil gje ei månadleg lønskompensasjon på kr 4 000,-, totalt kr 48 000,- pr. år.