Presentasjon av ordføraren
Anita Husøy Riskedal er ordførar i Hjelmeland kommune og ho representerer Senterpartiet. Ho vil vera å treffa på kontoret når ho er ledig. Ho har kontor i kommunehuset på Hjelmeland.
Bjørkhaug AS
Anita Husøy Riskedal kjem opprinneleg frå Gjerdsvika i Sande kommune i Møre og Romsdal. Ho flytta til Årdal i 2003. Ho er gift med Alf Rune Riskedal og saman har dei to tenåringar.
Kontakt
Vil du vera heilt sikker på å treffa ho?
Verv
Ho har vore med i kommunestyret i snart to periodar; 2015-2019 og 2019 til dags dato.
Begge periodar som medlem i formannskapet, og varaordførar frå 2019.
I tillegg har ho hatt ei rekke tillitsverv i offentlege utval/styre og frivillige organisasjonar.
Har vore fungerande ordførar frå desember 2021, og vart vald som ny ordførar av kommunestyret 2. november 2022. Ho vart attvald som ordførar ved kommunestyrevalet i 2023.
Yrkeserfaring
- Utdanna sosionom ved Universitetet i Stavanger.
- Har tidlegare jobba som sosionom på Motland skule i Hå kommune.
Etter at ho flytta hit har ho jobba i ulike einingar i kommunen
- Hjelmeland omsorgssenter
- Flyktningkontoret
- Sosial- og barnevernskontoret
- NAV
- Bustadkontoret
og i tillegg hadde ho ei kortare periode i ei deltidsstilling som prostesekretær på kyrkjekontoret.
Publisert 06.08.2019 11.58
Sist endra 04.03.2024 11.02