- Barna er forsikra i barnehagen, på direkte veg til og frå barnehagen.
- Barna er og forsikra under utflukter arrangerte av barnehagen.
- Alle skader i barnehagen som må lege/tannbehandlast, skal meldast på eit eige skademeldingskjema som barnehagen har i sine HMS-prosedyrar. Barnehagen har avtale med forsikringsmeglar, kor vi melder inn skader. Foreldra får e-post frå forsikringsselskapet når vi melder inn skader.
- Det er ein eigenandel på 500,- for utgifter i samband med skader, som ikkje vert dekt av NAV.