Sjukdom og tiltak for å unngå smitte
Smittefaren er stor i ein barnehage. Barnet må difor haldast heime når det er sjukt. Ein grei regel er at barnet må kunna følgja dagsrytmen i barnehagen.
- Ved oppkast/diare må barna vera heime minst 48 timar etter at dei er symptomfrie. Dette for å unngå smitte på dei andre barna og personalet.
- Dersom eit barn vert sjukt i løpet av dagen tek barnehagen kontakt med føresette. Blir barnet akutt sjuk eller utsett for ulykke, tek me kontakt med legen, og kontaktar foreldra så fort som mogeleg.
- Dersom barnet skal ha medisinar i barnehagen skal dette avtalast med personalet, og det skal fyljast ut eit skjema for medisinering i barnehagen.
Tiltak for å unngå smitte
- Vask av hender når ein kjem til barnehagen, før mat og etter toalettbesøk.
- Hygieneopplæring.
- Pass på at alle brukar såpe.
- Bruk av papirhandkle.
- Klutar og handkle skal kun brukast på eit barn, deretter vaskast på kokevask.
- På turar nyttar ein eingangsvaskeklutar eller sprit.