Barnehagemiljø og mobbing

Barnehagen skal fremma eit inkluderande og stimulerande miljø, kor alle barn skal oppleve å bli sett og kan delta i leik. Dei tilsette skal sørga for at barna har det trygt og godt når dei er i barnehagen. Alle tilsette har plikt til å følge med på korleis alle barna har det. Dei skal gripe inn viss barn vert utsett for krenkingar, jf. barnehagelova kap. 8 om psykososialt barnehagemiljø.