Redusert foreldrebetaling
Er du usikker på om du har rett på reduksjon i betalinga for barnehageplass?
Her finn du spørsmål og svar som kan vera til hjelp.
Barn busett i kommunen har gratis barnehage. Denne ordninga gjeld barn busett utanfor kommunen.
Det er to moderasjonsordningar knytt til betaling av barnehageplass for foreldre/hushald med låg inntekt.
1. Ingen familie/hushald skal betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.
2. Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
- Barn i denne aldersgruppa, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.
Les om ordninga og inntektsgrenser på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Foreldrebetalinga bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt.
Eksempel:
Brutto årsinntekt er kr 350 000 * 6% = kr. 21 000 per år i betaling for ein barnehageplass.
Med 11 betalingsmånadar vert betalingssatsen kr 1 909 per månad. Ved søsken i barnehage vert det gitt søskenmoderasjon. For barn nummer 2 er moderasjonen 30% av det som betalast for barn 1, i dette eksempelet kr 1 336. For barn nummer 3 betalast 50%, som her er kr 955.
Brutto inntekt er inntekt før skatt.
- Ektefellar
- Registrerte partnarar
- Sambuarar
Kommunen har tilgang til dykkar siste skatteoppgjer.
Dersom inntekta dykkar ikkje stemmer overeins med skattemeldinga, eller om skatteoppgjer manglar, så må de levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad.)
- Frist for levering av søknad er 1. juni, for handsaming til neste barnehageår.
Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i barnehagen i midten av året, kan ein søka fortløpande.
Nei, ein må ikkje søka for kvart år. Kommunen innhentar inntektsopplysningar kvart år.
Dersom inntekta endrar seg, så må du informera kommunen.
Startar barnet i barnehagen i midten av året, kan ein søka fortløpande.
Dersom ein har meir enn eit barn i barnehagen samtidig, får ein reduksjon i betalinga frå barn nummer to.
Publisert 11.04.2018 15.11
Sist endra 18.11.2024 14.59