Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 6 Opptaksreglar

Kommunen pliktar å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder som er busett i kommunen, jf. §12a i Barnehagelova.

Føresette søker til hovudopptaket 1. februar med den datoen dei ønsker plass. Føresette skal få
tildelt barnehageplass ut i frå ønska dato, utan å måtte betale i perioden fram til denne datoen. Barnet
vert ikkje registrert med plasseringsstart før ønska dato.

Dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptak er ein tryggare på å få tildelt plass i ønska barnehage. Nye plassar i løpet av barnehageåret (søknadar utanom hovudopptak/rullerande opptak) skal som houvdregel tildelast innan
ein månad frå søknad, men ein er ikkje garantert plass i ønska barnehage. Ein kan då bli tildelt plass i
ein annan barnehage i same opptakskrets. 

Barnehagane på Fister, Hjelmeland og Årdal høyrer til same opptakskrets. Jøsenfjorden er ein eigen
opptakskrets.

Dei som får anna tilbod enn dei primært har søkt om (annan barnehage eller anna opphaldstid), blir sett på felles prioritert venteliste. Den som står øvst på den felles ventelista til ei kvar tid, får først førespurnad ved ledig plass, uavhengig av kva dei primært har søkt. 

Ein blir tildelt barnehageplass fram til skulestart for barnet. Barn busette i andre kommunar må søke
om plass kvart år.

Barnehagesøknad sendast inn via oppvekstportalen til Hjelmeland kommune (via kommunen si heimeside). Vedtak kan klagast til formannskapet. Klagen skal sendast via rådmannen.