Visjon og satsingsområde

Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "det beste for barnet". Me ønsker å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. 

Barnehagane sine felles verdiar er “Respekt, Omsorg og Tryggleik”. 

Me vil: 

  • gjere barna trygge på seg sjølv og i samspel med andre
  • vere med å gje eit positivt grunnlag for danning og utvikling
     

Vår visjon og våre verdiar er barnehagane si ledestjerne i det daglege arbeidet, både i forhold til det me seier, gjer og vektlegg i eit dagleg samspel med barna, foreldra og medarbeidarar. 

Satsingsområde

  • Inkluderande barnehagemiljø 
  • Barnehagen som pedagogisk verksemd
  • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis 
Logo Hjelmelandsbarnehagen - Det beste for barnet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Langsiktig utviklingsplan for Hjelmelandsbarnehagen 2023-2027 (PDF, 2 MB)