Samarbeid heim - skule

FAU - Foreldrerådet sitt arbeidsutval

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrerøysta overfor skulen. FAU skal m.a. sikre medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

Foreldrerepresentantar FAU Hjelmeland skule 2024/2025:

  • Sigurd Kleppa (leiar)
  • Elisabeth Vaage Johansen (nestleiar)
     

Les meir om Foreldrerådet og FAU.

SU - Samarbeidsutvalet

Samarbeidsutvalet (SU) er et rådgjevande organ utan avgjerdsmynde. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og avgjerdsmynde delegerast frå kommunen til skulen.

I Samarbeidsutvalet er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den eine.

Foreldrerepresentantar:

  • Sigurd Kleppa (leiar)
  • Elisabeth Vaage Johansen (nestleiar)

 

Elevrepresentantar:

  • Izabele Krasikovaite
  • Jonas Øvrehus Førre
     

Tilsette:

  • Unni Bergøy (lærar)
  • Jovana Divjak (SFO leiar)
  • Elin Kvame Jansen (representant for andre tilsette)

 

For kommunen:

  • Harald Ommundsen (rektor)
  • Ståle Halsne (politisk representant)
     

SMU - Skulemiljøutvalet

Elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen skal være representerte i SMU, og elevane og foreldra skal være i fleirtal. Samarbeidsutvalget ved skulane kan også være SMU, men då må det oppnemnast fleire representantar frå elevane og foreldra, slik at dei er i fleirtal.

Les meir om samarbeid heim - skule.