Kilometergrense og farleg skuleveg
- Elevar frå 1. - 3. klasse har rett på fri skyss dersom skulevegen er over 2 km.
- Elevar frå 4. - 10. klasse har rett på fri skyss dersom skulevegen er over 4 km.
- Nokre strekningar er definert som særleg farleg skuleveg. Elevane på desse strekningane får fri skyss.
Avstandar frå skulen i retning Helgøy:
- 2 km: Til og med Nesvegen 119
- 4 km: Indre Husvoll (like ved garden Sigmundstad)
- Særleg farleg skuleveg: Nesvegen etter Klokkarjordet og utover
Avstandar frå skulen i retning Hetlandsbygda:
- 2 km: Stemmen
- 4 km: Naustet Bjødland (langs Fistervegen før bustadområdet)
- Særleg farleg skuleveg: Alle elevane bur over kilometergrensa.
Avstandar frå skulen i retning Ingvaldstad/Askvik:
- 2 km: Puntånå
- 4 km: Samfunnshuset
- Særleg farleg skuleveg: Frå Hundsnesvegen 13 og utover Askvik
Avstandar frå skulen i retning Kvame/Vormedalen:
- 2 km: Krofjellet langs Vormedalsvegen
- 4 km: Til og med Bygdavegen 66 (ved kraftstasjon ved Einarvoll) og til og med Vormedalsvegen 231 (Steinsland)
- Særleg farleg skuleveg: Frå avkjøring til Hagalidvegen og fram til Vormedalsvegen 109 for 1.-4. klasse.
Avstandar frå skulen i retning Hagalid:
- 4 km: Ca ved toppen av Hagalidvegen
- Særleg farleg skuleveg: Frå avkjøring til Hagalidvegen og Sæbøvegen.
Avstandar frå skulen i retning Flåtene:
- 2 km: Til og med Burmavegen 93 (rett før Flåtene)
Avstandar frå skulen i retning Melslia og Riskedal:
- 2 km: retning Riskedal: Mælsånå
- 2 km: retning Melslia: ca. i krossen Sjøvegen/Melslia
- 4 km: Vodl (øvre Riskedal)
- Særleg farleg skuleveg: Frå Mælsånå og vidare til 4 km-grensa ved Riskedal
Avstandar frå skulen i retning Dalane/Valheim:
- 2 km: Til og med Kyrkjevegen 296.
- 4 km: Verven, Valheimsvegen v/Øvre Tysdalsvatnet
- Særleg farleg skuleveg: Til Verven ved Valheimsvegen
- Skuleskyss for 1. - 4. trinn heile året
- Skuleskyss for 5. - 7. trinn i vinterhalvåret (15.10-15.03)
Avstandar frå skulen retning Soppeland/Tjentland:
- 2 km: Litt forbi Storå bru, til og med Ryfylkevegen 5185
- 4 km: Revshammaren, til og med Ryfylkevegen 5019
- Særleg farleg skuleveg: Frå Storå bru til og med Tjentland