Forskrift om skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 1 Lov og retningslinjer

Skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune skal drivast i samsvar med §4-5 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift og etter retningsliner vedteke av kommunestyret, samt dei krav som gjeld for tildeling av statstilskot. Vedtektene skal fastsettast av kommunestyret. Private ordningar skal godkjennast av kommunen.