Forskrift om skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 6 Opphalds- og opningstid

SFO har kjernetid frå kl. 07.30 til kl. 16.15 fem dagar i veka. Utover dette må det søkast spesielt.

Nytt SFO-år startar samtidig med nytt skuleår (i midten av august). 

SFO held stengt på plandagar. Det skal settast av 5 plandagar i løpet av skuleåret.

Ein kan søke om følgande opphaldstider pr. veke:

1. - 3. trinn

  • 0-12 timar 
  • over 12 timar (12,01+)

4. trinn

  • Opphald 0-6 timar (0-6,0)
  • Opphald 6-12 timar (6,01-12,0)
  • Opphald over 12 timar (12,01 +)

Barna skal ha minst 4 veker ferie i året.

SFO-tilboda i kommunen held stengt 4 veker i juli. Utover dette skal alle SFO-tilboda i kommunen ha ope, forutsett at følgande punkt vert oppfylt:

  • Det må vera minst tre (3) deltakarar for å oppretthalda eit tilbod i SFO sine lokaler.
  • Dersom det er 1-2 søkarar, får desse tilbod om plass i ein annan SFO.

Dersom særskilte grunnar tilseier det kan reglane over fråvikast. Dette må i tilfelle skje etter grunngjeven søknad via rektor til kommunalsjef for oppvekst.