§ 7 Foreldrebetaling
- Foreldrebetaling vert fakturert etter innmeldt behov og for det timetalet dei bestiller.
- Betalingssatsane vert gradert etter den opphaldstida ein søker om.
- Elevar på 1. - 3. tinn får 12 timar gratis opphald på SFO pr. veke. Dette gjeld også i skuleferiar.
- For elevar på 5. - 7. trinn med særskilde behov er SFO gratis.
- Betaling for mat pr. månad kjem i tillegg til betaling for opphald.
- Når det er plass kan det kjøpast opphaldstid for enkle dagar. Dette gjeld berre for barn med plass i SFO.
- Ved kjøp av ekstra tid må ein gjere avtale med den einskilde SFO. Det er opp til den einskilde SFO å vurdere dette ut i frå plass og kapasitet.
- Foreldrebetaling skjer forskotsvis per månad.
- Betalingsåret er 10 månader. Juli er fritaksmånad og ein betalar for bruk i august.
- I skuleferiane vert betalinga rekna ut frå enkeltdagar med fråtrekk for allereie kjøpt tid i SFO.
- Ein må betale for tida ein har bestilt i feriar sjølv om den ikkje vert nytta.
- Foreldre/føresette med låg inntekt skal kunne søke om redusert foreldrebetaling for SFO. Inga hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein SFO-plass (opphald). Det krevast handsaming av søknad med dokumentasjon for å få innvilga slik reduksjon.
- Det er 25 % søskenmoderasjon ved søsken på SFO.
Betalingssatsane for opphald og mat i SFO blir kvart år vedteke av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga.