Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 13 Forsikring

Skader som oppstår under opphald i SFO, er omfatta av folketrygdlova som yrkesskade når skade skjer på skulen sitt område og på dei dagane det er undervisning på skulen. Skader som ikkje vert omfatta av folketrygdlova, vert dekka av kommunen sine eigne forsikringar.