For å ha rett til grunnskule for vaksne må søkjaren oppfylle fire vilkår:
- Vere over opplæringspliktig alder (normalt hausten det året ein fyller 16 år)
- Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom
- Ha lovleg opphald i Norge
- Trenge grunnskuleopplæring
Retten er lovfesta i opplæringslova.
Grunnskuleopplæringa er gratis.
Det er tilbod om opplæring i dei fem faga ein treng for å få vitnemål for vaksne:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Samfunnsfag
- Naturfag
For å søke på grunnskule for vaksne må du fylle ut eit søknadsskjema.
Undervisninga er på Ryfylke Læringssenter på Jørpeland.
Publisert 09.05.2018 09.57
Sist endra 18.11.2024 15.14