Feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustad
Feiing skal utførast så ofte som nødvendig for å hindra at brann eller andre skadar oppstår.
I utgangspunktet skal det enkelte fyringsanlegg vurderast med omsyn til kor hyppig det er behov for å feie.
Brannsjefen bestemmer kor ofte feiing skal gjennomførast, på grunnlag av erfaring frå tidlegare gjennomført feiing, fyringa si art og omfang. Brannsjefen sett på bakgrunn av dette opp ein rullerande plan for gjennomføring av lovpålagt feiing og tilsyn etter ei behovsprøving.
Varsel om feiing og tilsyn vil bli sendt ut på SMS. (Du må klikke på lenkja i SMS'en for å få opp varselet.)
Dersom tidspunktet ikkje passar, så må du ta kontakt med feiaren - sjå kontaktinformasjon til høgre.
På same måte som ved varsling av feiing og tilsyn, så vil og lenkje til tilstandsrapport og oppfølgjing av avvik verte sendt ut på SMS.
Opplysningane vil og verte lagt ut her: Min eiendom
Kommunen kan etter søknad gje fritak frå å betale gebyr i fylgjande tilfelle:
- Bustaden er ubebudd i eit heilt kalenderår.
- Det vert berre nytta oppvarming som ikkje treng røykavløp. Ildstaden må då fjernast frå pipa eller pipa må fysisk verta sperra for bruk.
Søknad om fritak skal rettast til brannsjef.
Fritak vert gitt for året etter mottak av søknad og fram til melding om bruk av pipa vert gitt av huseigar. Vert pipa teken i bruk att etter fritak, må huseigar snarast melda frå om dette til brannsjefen.
Logg inn for å sjå status for din eigedom:
Kontakt:
Brannførebyggjar Rolf Arne Olsen tlf. 404 39 146