Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustader
Feiing og tilsyn blir gjennomført samstundes ved besøk i din fritidsbustad.
Frekvens på feiing og tilsyn er behovsprøvd. Frekvensen er avhengig av bruk, fyringsvaner og tilstanden på fyringsanlegget.
Ved avvik vert dette følgt opp på vanleg måte frå oss, og det vert gitt ein frist for utbetring. Ved manglar og avvik som fører med seg fare for brann ved bruk, kan det i ytste konsekvens bli gitt fyringsforbud inntil avviket er retta.
Feiaren vil utføra feiing og tilsyn områdevis. Han tek kontakt med eigar av fritidsbustad, via SMS, i god tid før han kjem til området for å sikre at nokon er til stades på fritidsbustaden under utføring av tenesta.
Før feiiaren kjem, må eigar sjå til at det er nokon til stades under feiing og tilsyn.
For å kunne gjennomføre arbeidet er feiaren avhengig av at det reisast stige, og det må vera forskriftsmessig montert takstige.
Eigarar av fritidsbustadar får feiegebyr kvart år uavhengig av om det vert gjennomført feiing og tilsyn dette året.
Eigar av fritidsbustad kan søka om fritak for feiing og tilsyn etter gjeldande reglar.
Kontakt:
Brannførebyggjar Rolf Arne Olsen tlf. 404 39 146