Vedtak og historikk

Digital infrastruktur til alle har vore tema for debatt i kommunestyret i mange år. Heile kommunestyret er opptekne av at dette er ei basisteneste alle må ha på linje med straum, telefon, vatn og  veg for å nemna noko. Det er stor vilje frå heile kommunestyret til å få dette til, og kommunen er innstilt på å hjelpa til i spleiselaget.

Kommunestyret har vedteke at i 2025 skal alle ha digitalinfrastuktur som held mål med dei behova me har. Pr dato er det berre halvparten som har det, men no er me godt igong på Randøy og strekket frå og med Viga til Ingvaldstad.

Likevel er her kamp om dei sentrale midlane me treng for å koma i mål, og kommunen brukar mykje tid og krefter for å tak i desse i tråd med det regjeringa stadig lovar utan at me kjenner det hjelper så mykje. Men med lovnadane som kjem no er det grunn til å tru at me vil koma i mål med dette store prosjektet.

Litt historie

Fram til 2019 er utbygging av breiband med fiber i Hjelmeland kommune utført av Lyse (Altibox) på såkalla kommersielle vilkår. Dvs. at ein eller fleire teleoperatørar byggar ut fiber der dei finn det økonomisk forsvarleg. Etter samtalar med Lyse trekte Hjelmeland kommune den konklusjonen at utover ein fortetting i dei områda som allereie er bygd ut, vil vidare utbygging berre finna stad dersom ein teleoperatør får stønad til å bygge ut.

Hjelmeland kommune gjorde 2018/2019 ei kartlegging av fibersituasjonen i heile kommunen. Me har dermed ei god oversikt over kva område som har og ikkje har fiber tilgjengeleg.

Område for område

Kommunen har sidan 2018 jobba med ein plan der ein tar for seg område for område og søkar stønad frå Staten via NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) for desse områda. Kven og kor mykje ein får i stønad pr. område blir no styrt av Rogaland fylkeskommune som forvaltar Rogalands del av stønaden frå staten/NKOM til utbygging av breiband. 

Stønaden vert gitt for at det skal etablerast eit reelt tilbod om breiband til alle husholdninger og bedriftar innanfor et gitt geografisk området.

Breiband til fritidsbustad

Utbyggar ønsker som oftast å tilby breiband til flest mogleg, så om ein har ønske om breiband til feriebustaden eller hytta, kan ein ta kontakt med utbyggar direkte.