Viss du ønskjer å bygge, rive eller endre noko som er i strid med lovar, reglar og planbestemmelser for din eigedom, kan du søkje om dispensasjon. Dispensasjon vil seie at kommunen gir nokon løyve i ei konkret sak til å bygge eller gjere noko som ikkje er i samsvar med desse reglane.
Hovudregelen er at alt skal byggjast slik at det er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner og planar. Dei forskjellige områda i kommunen har ulike planbestemmelser. Når du skal bygge noko må du difor finne ut kva for bestemmelser som gjeld for din eigedom.
Reguleringsplanar og kommuneplan er tilgjengeleg i kommunens planregister. I planregisteret kan du også sjå om det er gitt dispensasjonar innafor den enkelte planen.
Dispensasjon kan være varig eller tidsbegrensa. Du kan søkje om dispensasjon fra alle bestemmelser, men ikkje frå saksbehandlingsreglar.
Du kan få dispensasjon dersom
- omsyna bak bestemmelsen det dispenserast frå, eller omsyna i lovens formålsbestemmelse (§1-1) ikkje blir vesentleg tilsidesett
- fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering
Begge disse vilkårene må være oppfylt for at kommunen kan vurdere å gi dispensasjon.
Når du skal søke om dispensasjon bør du grunngi den med tilhøve som er spesielle for di sak. Argument som vanlegvis ikkje er avgjerande, er personlege tilhøve som
- behov for større plass
- sjukdom
- at dispensasjonen er nødvendig som ledd i eit arveoppgjer
Grunnen er at arealbruk vert fastlagt i eit livslangt perspektiv, mens eigartilhøva på staden vil kunne være skiftande.
I søknaden skal du skildre tydeleg kva for bestemmelse du søkjer dispensasjon frå. Søknaden må grunngis og naboane må varslast om dispensasjonen. Her finn du meir informasjon om nabovarsling.
Du kan søkje om dispensasjonen i forkant eller samstundes med tiltaket (det du skal bygge).
Ingen har krav på få dispensasjon. Dersom resultatet av saksbehandlingen blir avslag, har du klagerett.