Deling av eigedomLytt til tekstenStopp avspillingVed oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit eige matrikkelnummer (gnr/bnr). Den nye eigedomen vert så ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet. Dette gjeld og for oppretting av festetomter eller punktfeste. Publisert 22.05.2018 11.22 Sist endra 14.08.2023 03.04 For å få delt frå ny grunneigedom må du søke om delingsløyve etter plan- og bygningslova § 20-1 og eventuelt jordlova § 12. Delinga må vere i samsvar med kommune-/reguleringsplan. Dersom det ikkje er tilfelle må du søke om dispensasjon. Slik søker du Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett Rekvisisjon av oppmålingsforretning - Søknadspliktige tiltak Nabovarsel Eventuelle nabomerknader med dine kommentarer Legg ved kart der du har teikna inn kor du ønsker at eigedomsgrensene skal gå Nytt kartsider som Kommunekart. Søk på gnr/bnr, vel deretter "bestill kart" i menyen til høgre og fyll ut det som trengs. Du kan også nytte denne løysinga. Eventuell erklæring om rettar Er opprettinga av eigedomen i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må det og leggast ved eit følgebrev der du søker om dispensasjon frå gjeldande plan. Dispensasjonssøknaden må vere grunngitt med dei argumenta søkjaren meiner er viktige og den må nabovarslast. Kor skal søknaden sendast? Hjelmeland kommune Vågavegen 116 4130 Hjelmeland eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no Kva kostar det? Du må betale for oppmålingsgebyr tinglysingsgebyr saksbehandlingsgebyr (etter plan- og bygningslova § 20-1) ev. dispensasjonsgebyr (etter plan- og bygningslove §19-2) ev. saksbehandlingsgebyr for behandling etter jordlova Sjå gebyrsatsane. Klage Vedtaket etter plan og bygningslova og den påfølgande matrikkelføringa kan klagast på. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek underretning om vedtaket eller matrikkelføring. Klageorganet er Statsforvaltaren i Rogaland. Klagen skal likevel først sendast til oss i Hjelmeland kommune som kan endre vedtaket som følge av klaga eller sende klaga vidare til klageorganet for avgjerd.