Påvising av eigedomsgrenser
Dersom grensemerke for ein tidlegare oppmålt eigedom er vekke, kan du bestille ei ny grensepåvising. Det same gjeld dersom det er uklart kor grensene for ein eigedom går. Ei slik grensepåvising vert gjennomført som ei ordinær oppmålingsforretning.
- den som har grunnboksheimel/er eigar av eigedomen
- festar av eigedomen
- kommune
- fylkeskommune
- stat
- andre som har fullmakt frå ein av desse
Bruk følgande skjema; rekvisisjon av oppmåling for saker som ikkje er søknadspliktige.
I tillegg skal følgande informasjon leggast ved:
- kart som viser kva eigedomsgrenser du ønsker kartlagt, ev. kva for punkter du ønsker å få satt ned
- eventuelle gamle målebrev
- eventuelle skylddelingar
- eventuell utskiftingsforretning
- anna informasjon som kan vere relevant for saka
Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Klarlegging av grense er fritatt søknadsplikt etter plan- og bygningslova § 20-1 og skal heller ikkje tinglysast. Sakene blir sendt til oppmålingsfirma som tek kontakt med partane ved oppmåling av eigedomen.
Er det nymerking av tidlegare oppmålte og koordinatbestemte grenser (oppretta etter 1980), er det ikkje krav om at alle berørte partar møter under oppmålingsforretninga. Er det derimot merking og måling av tidlegare skylddelte grenselinjer som ikkje tidlegare er nøyaktig innmålt og kartfesta, er det eit krav om at alle berørte partar møter og godkjenner den nykartlagte grensa før denne blir ført i matrikkelen.
Matrikkelføring av klarlagt grense kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf. §46 i matrikkellova.
Publisert 31.01.2019 14.57
Sist endra 18.11.2024 14.49