Dersom du er eigar av to eller fleire eigedomar og ønsker å slå desse saman til ein eigedom, kan dette la seg gjere om du oppfyller nokre kriterium. Oversikt over kriterium finn du på informasjonssida til Kartverket.
Fyll ut skjemaet; krav om samanslåing.
Denne informasjonen må leggast ved:
- legg ved kart som viser eigedomane det gjeld
- stadfesting av at eventuelt berørte rettshavarar eller liknande er varsla
Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Samanslåing av eigedomar er gratis.
Matrikkelføring av ei samanslåing kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf. §46 i matrikkellova.
Publisert 31.01.2019 14.56
Sist endra 18.11.2024 14.50