Tilleggsareal til eksisterande eigedom

Ønsker du å utvida ein eksisterande eigedom, kan dette gjerast anten som ei grensejustering eller som ei arealoverføring. Det som avgjer kva alternativ som kan nyttast er storleiken på arealet som skal justerast, verdien av justert areal og reguleringsføremål på staden. I begge tilfella må tilleggsarealet vere i samsvar med kommuneplan/reguleringsføremål. Dersom så ikkje er tilfelle må ein i tilfelle søke om dispensasjon frå føremålet.