Bygging nær offentleg vass- og avlaupsanlegg

Det presiserast at avstandskravet er 4 meter for bygging nær offentleg vass- og avlaupsanlegg. Me viser til «Standard abonnementsvilkår – Administrative bestemmelsar kap.3.4 - Bygging nær offentleg vass- og avlaupsanlegg» og «VA-normen kap.3.11 – Beliggenhet/trasevalg». 
Dispensasjonar kan kun gis unntaksvis etter ei heilskapleg vurdering av saka. 

Søknad om dispensasjon frå gjeldande avstandskrav på 4 meter sendast til: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Søknaden må innehalde følgjande: 

  • Grunngjeving kvifor det søkjast om dispensasjon 
  • Situasjonskart og eventuelt foto 
  • Teknisk løysningsforslag 
  • Forslag til tinglyst erklæring 

Det er ikkje høve til å klage på avgjersla som er fatta av vass- og avlaupsavdelinga. Orsak til dette er at søknaden blir behandla av vass- og avlaupsavdelinga i kraft av å væra leidningseigar og ikkje som offentleg myndigheit. 

Henvisningar 

Standard abonnementsvilkår for vass og avlaup – Administrative bestemmelsar: 
3.4 Bygging nær offentleg vass- og avlaupsanlegg 

Offentlege vass- og avlaupsanlegg skal ikkje overbyggast. Ny bebygging, inklusive garasjar og støttemurar, skal ikkje plasserast slik at han er til ulempe for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avlaupsanlegg. Slik bebygging skal ha ein avstand til offentleg vass- og/eller avlaupsanlegg på minst 4 meter. Det kan gis dispensasjon frå denne bestemmelsen etter søknad viss utbyggar sikra drift og vedlikehald av offentlege leidningar med anlegg av varerøyr, kulvert eller tilsvarande, eller dersom tiltakshavar/abonnent førestår omlegging av hovudleidningane etter servituttlovas reglar. Eigar av offentlege vass- og avlaupsanlegg skal påse at ovennevnte krav blir ivaretatt i forbindelse med, og så langt som mogleg parallelt med, den ordinære byggesaksbehandlinga av tiltaket etter plan- og bygningslova. Håndhevinga av denne bestemmelsen skjer i tråd med pkt. 1.5 i disse bestemmelsene. 

VA-normen for Hjelmeland kommune 
3.11 Beliggenhet/trasevalg Se kap. 4.4 - Beliggenhet/trasevalg.

Leidningar skal være tilgjengelege for naudsynt inspeksjon og kontroll, samt for oppgraving ved reparasjonar og tilknytingar. 
 
Lokal bestemmelse for Hjelmeland kommune: Hovedleidningar skal ikkje ligga nærare hus eller andre konstruksjonar enn 4,0 meter. Dersom hovudleidningar må ligga nærmere enn 4,0 meter må eitt av følgjande tiltak gjerast: 

  • Støype ein vertikal sikringsmur minimum 0,5 meter under bunn av underste leidning. 
  • Føra ned fundamentet på bygning og/eller installasjonar minimum 0,5 meter under botn av underste leidning. 
  • Eventuell innstøyping av leidning eller bruk av varerøyr skal avklarast særskilt med VA-ansvarleg i kommunen. 

 
Bygging nærmare enn 4,0 meter må avklarast med VA-ansvarleg, og beskrivelse med teikningar må væra godkjent før arbeidet igangsettast. Vassleidningar større enn Ø = 300 mm skal behandlast særskilt. Absolutt minimumsavstand mellom bygningar og hovudleidningar er 2,0 meter.