Vassmålar

Har du vassmålar betalar du for vassmengda du brukar. Du må sjølv betale for installasjon og leige. Dette gjeld for alle abonnentar  jamfør K-sak 075/16.

Korleis skaffar eg meg vassmålar?

  • Du må ta kontakt med eit røyrleggarfirma og bestille montering
  • Røyrleggar tek kontakt med VA-avdelinga vår for å hente målaren, monterer og syter for at vassmålaren vert registrert

Korleis melder eg inn målarstanden?

Krav til plassering av vassmålar

  • Målaren skal installerast så tett til innvendig hovudstoppekran som muleg
  • Alt vassuttak på eigedommen skal målast
  • For å unngå vasskader, må målaren plasserast i rom med sluk i golvet, og ikkje utsetjast for frost eller sterk varme
  • Målaren skal være lett tilgjengeleg for avlesing og utskifting

Eg har ikkje vassmålar

Du som ikkje har vassmålar betalar for vatn ut i frå storleiken på bustaden din.

Eigarskifte av bustad

Me tek ikkje avrekning/mellomoppgjer ved eigarskifte. Dette må handterast privat, mellom kjøpar og seljar, eventuelt via meglar. Om de treng informasjon om siste registrerte vassmålarstand, kan me hjelpe med det. 

Forskrift

Lokal forskrift for vass- og avlaupsgebyr.