Det er fem vassverk som inngår i den offentlege vassforsyninga i Hjelmeland. Vassverka er basert på grunnvassbrønnar og/eller større ferskvatn.
- Hauskje vassverk (IVAR IKS sitt anlegg) forsynar dei sentrale områda i Hjelmelandsvågen, Hundsnes, Mjølhus og områder på Randøy og Børøy. Vasskjelda er frå Valavatn.
- Jøsenfjorden vassverk forsynar området på Mælandsmoen. Vasskjelda er grunnvassbrønn.
- Jøsneset (Skiftun) vassverk forsynar området Skiftun/Nesvik. Vasskjelda er to borebrønnar.
- Fister vassverk forsynar sentrumsområdet av Fister, Fisterneset, Mosnes, Grønnevik og Helgøy. Vasskjelda er Litlavatnet.
- Årdal vassverk forsynar Årdal-området frå Mælslia og fram til Dalane, Nessa og Hetlandsbygd. Vasskjelda er grunnvassbrønn.