Valdtektsmottaket
Valdtektsmottaket er eit døgnope tilbod ved Stavanger legevakt og er for kvinner og menn, ungdom og vaksne som er blitt utsatt for eit seksuelt overgrep.
Hjelpa er gratis, og dei har teieplikt.
Dersom du er blitt utsatt for eit overgrep, ring telefon 51 51 02 02 eller 902 40 200.
Krisesenter
Hjelmeland kommune har eit vertskommune samarbeid med krisesenteret i Stavanger for å kunne tilby befolkninga i Hjelmeland eit døgnbemanna krisesentertilbod.
Krisesenteret i Stavanger skal gi eit tilbod til fysisk, psykisk og seksuelt mishandla kvinner, menn og barna deira. Det gjeld også individ utsett for tvangsekteskap og menneskehandel.
Gå inn på lenkja nedanfor for å lesa meir om kva krisesenteret kan tilby.
Krisesenteret i Stavanger.
Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte
Besøk heimesida til Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte
Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte, gratis: tlf. 800 57 000
NOK. Sør-Vest
Lavterskel hjelpetilbud og fagressurs om seksuelle overgrep
Besøk NOK. Sør-Vest si heimeside
Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep
Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar ved vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finn du oversikt over ulike hjelpetilbod.
Du finn også informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste, kor du kan stilla spørsmål anonymt. Nettsida si målgruppe er både dei som er utsett for vald, dei som utfører valden og andre berørte.