Familievernkontoret tilbyr gratis parterapi, familieterapi og obligatirisk mekling ved samlivsbrot. Dei fleste nyttar denne tenesta for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet, eller når det er vanskar, konfliktar eller krisar i familien.
Gratis tilbod til deg som innbyggar
Du som er innbyggar i kommunen kan nytta dette tilbodet. Du treng ikkje tilvising. Familievernkontoret er ope og tilgjengeleg for alle, og du kan ringa dei for å få råd og rettleiing eller timeavtale. Dei tilbyr samtalar på kontoret, på Teams og per telefon. Fysisk møte må avtalast på førehand.
Dei som jobbar på familievernkontoret er utdanna
- psykologar
- pedagogar med vidareutdanning i familieterapi
- sosionomar med vidareutdanning i familieterapi
Alle som jobbar på familievernkontoret har teieplikt.
Besøk heimesida deira for meir informasjon
Kontaktinformasjon
- telefon - 51 53 81 50
- e-post - familievernkontoret.sor-rogaland@bufetat.no
- adresse - Bergelandsgata 13, 4012 Stavanger
Timebestilling alle dagar mellom kl. 9-14
Opningstider kl. 8.30-15.30
Publisert 06.07.2021 13.31
Sist endra 18.11.2024 14.48