Tilsynsperson i fosterheim
Alle fosterheimar skal ha ein tilsynsperson. Det er barneverntenesta som har ansvar for å oppnevne tilsynspersonar. For å kunne jobbe som tilsynsperson må du fremlegge politiattest.
Tilsynspersonar bør være personar som barnet har eller kan få tillit til, og som har gode føresetnadar for å kunne utføra tilsynsoppgåva for det enkelte barnet. Dei bør ha ei mest mogleg uavhengig rolle til barnevernstenesta og fosterforeldra, men skal samarbeide med barnevernstenesta om barnet sitt beste.
Ein tilsynsperson passer på at barnet får tilfredsstillande omsorg i fosterheimen. Tilsynspersonen skal være ein person som barnet skal kunne ta opp eventuelle problem med, for eksempel problem knytt til plasseringa eller barneverntenesta. Personen skal skrive rapport som sendes til kommunen etter kvart tilsynsbesøk.
- Tilsyn skal utførast så lenge barnet bur i fosterheim, eller fram til barnet er 18 år.
- Det skal førast tilsyn så ofte som tilhøva i det enkelte tilfelle gjer det nødvendig, men minst 4 ganger i året.
- Tilsynet si varigheit er vanlegvis inntil 4 timar per besøk, inkludert kjøring og rapportskriving.
- Tilsynspersonen får opplæring og rettleiing frå saksbehandlar i barnevernstenesta.
I den grad fylkesmannen eller Bufetat arrangerer kurs for tilsynspersoner, vil Hjelmeland barnevernsteneste tilby dette til sine tilsynspersonar. I tillegg har barnevernet i Hjelmeland samarbeid med barnevernet i Strand om opplæring og kurs for tilsynspersonar.
Publisert 27.04.2018 10.53
Sist endra 18.11.2024 14.49