Hjelpemidlar, bil og bustad
Fysioterapiavdelinga har særleg ansvar for hjelpemiddel i samband med mobilitet. Hjelmeland omsorgssenter har mellom anna ansvar for pleie- og hygienehjelpemiddel.
Fysioterapiavdelinga har særleg ansvar for hjelpemiddel i samband med mobilitet:
- rullestolar
- ganghjelpemiddel
- tilpassingar av bustader og bilar i samband med hjelpemiddelsentralen.
Hjelmeland omsorgssenter har ansvar for pleie- og hygienehjelpemiddel, i tillegg til:
- syn
- hørsel
- kommunikasjon
- ADL
- omgivelseskontroll
Kortvarig bruk
For kortvarig bruk, pga. midlertidig funksjonssvikt til dømes etter sjukdom eller operasjon, kan hjelpemiddel lånast frå det kommunale lageret.
Varig bruk
For varig behov for eit hjelpemiddel kan det bestillast eller søkast gjennom NAV Hjelpemiddelsentral. Dette skjer alltid etter ei kartlegging av ein fagperson. Ved utlevering skal du få nødvendig opplæring og oppfølging.
Lån av nødvendige hjelpemiddel, både kortvarig og langvarig, er kostnadsfritt for brukaren. Også nødvendig opplæring og oppfølging i samband med utlevering av hjelpemiddel er utan kostnadar for brukaren.
Når brukaren ikkje lenger har behov for dei utleverte hjelpemiddla, skal dei leverast inn til kommunen. Ein del av desse hjelpemidla skal returnerast til Hjelpemiddelsentralen.
Du kan ta kontakt med ein relevant fagperson i kommunen for å avtale innhenting eller levering.
Dersom du har behov for og vil søke om stønad til bil, tilpassing av bil eller spesialutstyr til bruk i bil kan du ta kontakt med fysioterapiavdelinga. Dei kan hjelpe deg med funksjonsvurderingar og forslag som vedlegg til søknaden din. I meir kompliserte saker forventar NAV bilkontoret at fysioterapeuten skal møte saman med deg ved utprøvingar.
Dersom du har behov for tilrettelegging eller større tilpassingar i bustaden din, kan du ta kontakt med fysioterapiavdelinga for både funksjonsvurdering og kartlegging av ditt behov. Dei kan i mange tilfelle hjelpe deg med søknader til NAV Hjelpemiddelsentral om hjelpemiddel og/eller stønad.
For saker som involverer startlån frå Husbanken, eller kommunalt tilskot til tilpassing må du ta kontakt med bustadskontoret i kommunen.
Publisert 07.05.2018 14.22
Sist endra 20.09.2024 12.45