Heimesjukepleie

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne som bur heime eller i omsorgsbustad. Dei hjelper deg slik at du skal få bu heime lengst mogleg.

Hjelpa blir tilpassa ditt individuelle behov, og kan for eksempel vera:

  • pleie og omsorg
  • sårstell og medisinsk behandling i samarbeid med lege
  • kreftomsorg hvor kreftsjukepleier bistår med samtaler, oppfølging, pleie og omsorg etter behov
  • rettleiing og opplæring som gjør at du i størst mogleg grad klarar deg sjølv

Heimesjukepleie vert gitt 24 timer i døgnet.

Forventingar me har til deg som brukar

  • Gje beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid
  • Sørg for framkomelegheit til bustaden
  • Hald husdyr i anna rom eller i band ute 
  • Ikkje røyker når personalet er til stades
  • Du gir beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov
  • Legge til rette for gode arbeidsforhold og installering av tekniske hjelpemiddel
  • Flytande handsåpe og tørkerull må være tilgjengeleg for personalet
  • Oppgåver du sjølv kan utføre inngår ikkje i tenesta
  • Du visar forståing for heimesjukepleiar sine prioriteringar i forhold til tildspunkt for hjelp
  • Du gir tilbakemelding til einingsleiar dersom du ikkje er nøgd med tenesta

Søk om heimesjukepleie

Du kan søke om heimesjukepleie via elektronisk søknadsskjema.

Vil du heller søke på papirskjema? 

Skriv ut papirskjemaet.

I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov og kva for tenester du meiner du treng. Me vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Skjemaet må sendast, eller leverast, til:
Hjelmeland omsorgssenter
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland

Pris for heimesjukepleie

Å få hjelp av heimesjukepleia er gratis. 

Klage på vedtak

For å klage på vedtak om heimesjukepleie tek du kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter.

Vilkår for tildeling av heimesjukepleie. (PDF, 146 kB)