Middagslevering heim
Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov, kan søke om å få middagslevering. Du må søke og ditt behov vil bli vurdert.
Søk for å få tilbodet
Du kan søke om matlevering via elektronisk søknadsskjema.
Vil du heller søke på papirskjema?
Skriv ut papirskjemaet.
Skjemaet må sendast, eller leverast, til:
Hjelmeland omsorgssenter
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
Pris for matlevering
Intervall for levering av mat
Me køyrer ut maten til deg to dagar i veka. Du kan sjølv bestemme kor mange middagar du vil bestille, men me har eit minimumskrav på fire middagar per veke.
Maten består av middag, med suppe eller dessert. Maten blir levert kald og skal varmast opp heime hos deg. Når du får maten, er det viktig at den blir plasser i kjøleskap så snart som mogleg.
Kvart måltid er merka med namn og kva dag det er tiltenkt.
Me kan levera spesialkost, som glutenfritt, laktosefritt og purékost.
Mat til besøkande ved omsorgssentra
Du som er på besøk på Hjelmeland omsorgssenter kan kjøpa enkle rettar i kafeen.
Dersom du ønsker å eta middag kan du det, men det må bestillast på førehand.